tirsdag 26. august 2008

BLÅ tur

Datoen skriv 26. August, klokka er 09:56 og vi har undervisning i blogging.

Det er 13 dagar sidan eg tok mine første skritt på Hald internasjonale Senter.

Det har vert 13 fantastiske dagar, med lite søvn og mykje rangling.

I helga som var reiste vi på blåtur med Teambuilding i fokus. Det var både spanande og lærerikt. Spesielt spanande vart det under dei mange forbikjøringane vi drista oss til med bind for auga. Om vi ser bort frå eit par knuste briller, nokre skrammer og våte sokkar gjekk alt etter planen. Vi har innad i teamet evaluert oppgåvene som særs bra gjennomført, og nesten utan forbetringspotensial. Laurdag kveld sto vi for underhaldning gruppevis. Det resulterte i ein heidundrande Bibel-QUIZ med dramatisering. På knappe 15 min prøvde eg meg i sandalane til både Goliat og Jesus, samt eit 2000 år gamalt fikentre. Andre ord som kan beskriva blåturen er; mygg, flott, mat, bading, sol og glede!

 

Bilete frå blåturen ligg i albumet til hørge.

 

Mett og myggspist helsing Øyvin - ”Goliat”

tirsdag 19. august 2008




Tysdag 19. august, kl 15.51, Bergensværet har inntatt byen. 

Den første dagen med regn kan på ingen måte kastast bort, og dei fleste er i gang med forskjellige oppgåver som; språklære, landstudium, vasking osv. Finvêret har effektivt satt ein stoppar for slike oppgåver fram til no, og difor var det kanskje litt heldig at regnet kom. Badet hadde i alle fall godt av ein vask. 

Vi hadde våre første timar med landstudium i dag. Dei benytta vi effektivt til å undersøkje kvar vi skulle feire jul. Følgjande kriterium måtte være i boks for at vi skulle bli einige; strand, regnskog, lemur, baobabtrær, korallrev og hotell.  Vi veit i skrivande stund ikkje kvar vi skal feire jul, men gruppa jobbar mot ein løysning alle kan trivast med. 

Ellers har eg lært at over 40% av befolkninga på Madagaskar er kristne. Det bur 20 millionar menneske i landet, og gjennomsnittsalderen er 17,9 år. Befolkninga delar på 130 000 fasttelefonar og 10 000 Internett tilkoplingar. Fertiliteten er 5,1 og det vert fødd 38 barn pr 1000 innbyggjar. 8 personar døyr pr 1000 innbyggjar. 

Ellers har eg lært at den sørlege halvkule sender fleire misjonærar nordover enn motsatt. 

 

Ellers har gruppa mi utarbeida ein visjon vi skal følgje under opphaldet på Madagaskar, den høyres slik ut: Bli betre kjent med gud, os sjølv og andre kulturar gjennom, og for å arbeide med noe meiningsfullt i guds teneste. 

lørdag 16. august 2008

Shalom. I skrivande stund vert Øyvin Mongstad ( les: innhavar av sio ) bloggar. Bloggaren sit no i godstova på Hald Internasjonale Senter og lar inspirasjon og inntrykk flyta fritt frå tanke til tastatur.