torsdag 11. desember 2008

Ny blogg, nye muligheter

Øyvin har oppdatert til Mac-blogg. Ikkje fordi han må, men fordi han veit det er best

http://web.me.com/o.mongstad/Øyvin_i_Afrika/

lørdag 15. november 2008

Antsirabe

Antsirabe

Klokka var 14:02 og vi var 2 minutt for seint ute til kjøreavtalen vår på Isoraka ( NMS sitt hovudkvarter i Tana ). Som sagt tidlegare er tid et relativt begrep i Afrika, så vi var ikkje bekymra. 2,5 timar seinare var setebeltet festa. Vel og merke ein annan bil og annan sjåfør. Men same destinasjon – Antsirabe, den norske misjonsbyen.

Sjåføren vår, Arild, er ein trivelig norsk småbruksbonde/misjonær. Han har vore i Madagaskar fleire gongar , fyrst i 1979. Arild kunne kjøre bil. I ein kvit Ford Ranger, gjekk det fort for seg gjennom svingar, hus og innimellom lastebilar og kyr. Vegen som representerar det ypperste av infrastruktur i landet, skulle vore godt fornøgd med 60 Km/t skiltet i Noreg, det gjeldt ikkje her. Arild er heller ikkje redd for gasspedalen og kjøringa var av sorten som sett Petter Solberg og gjengen i eit dårleg lys. Apropos dårleg lys. På Madagaskar er det gøy å kjøre utan lys, gjerne iført mørke klede og matchande hudfarge. Både syklar, kjerrer, bilar osv. Ikkje så god stemning når ein anar fred og ingen fare i 110 langs dei gassiske landeveiene ( hovudveiene). Om ein ser bort frå ein del ufortsette stopp pga trafikantar uten lys, samt trafikkreglar ingen ser logikken i, vart vi også stoppa av militæret nokre gongar. Dei luskar rundt med spikarmattene sine på jakt etter heimebrent, regnskog, lemarar, ugyldige førarkort, manglande vognkort og andre ting folk måtte finne på å transportere på strekninga Tana – Antsirabe. Mannen som stoppa oss var ein barsk type med geværet godt plassert mellom armane. Arild rulla ned vindauget, veksla nokre høfflighetsfraser med militærmannen, rota litt etter vognkortet ( som sjølvsagt er som det skal ) før han sa han var NMS misjonær rulla opp vindauget, smilte og kjørte. Med eit respektfullt smil frå militærmannen i ryggen. Det var utrulig å sjå den respekten og tilliten dei Norske misjonærane har i dette landet. For ein gongs skuld var det kjekt å være nordmann i eit varmare land!
Då vi kom fram diska Arild og kona opp med mat – av typen grovbrød, kvitost og syltetøy. Herlig!

Etter god mat og fantastisk vertskap hjå Arild, låste vi oss inn i vår egen leilighet for helga. Ein koselig, 70 – 80 talls inspirert sak. Dyner, Donald på do og null kakerlakkar toppa heile driten, og vi var glade og trøtte då vi låg oss.
Klokka 07:32 sto vi opp laurdagsmorgon. 2 timar seinare enn vanleg. (Eg skylder på dynene, puten og den ellers fantastiske sovestemninga.)
Vi gjekk då ut og handla inn frukost. Med kongen og dronninga hengande på veggen og norsk bestikk på bordet vart stemninga nesten litt jovial. Til tider måtte eg ta meg i å nynne på sangar som ”mellom bakkar og berg”, ”Ja vi elsker” osv. Hadde det ikkje vore for shortsen, temperaturen og den i overkant luftige baugetten hadde eg trakka ned i ullsokkane i god tru på snøballkrig og silkeføre i sanden utanfor.
Etter frukost tusla vi rundt på tunet, stakk innom internatet ( som no er bibliotek og gjesteværelse ), og sulla litt rundt i byen. Antsirabe er ein flott by. Luftige gater, grøne område, smilande folk og utallige ”pousse poussar” ( taxi vogner, med menn som trekkdyr ).
Heile dagen gjekk eigentlig meir eller mindre med til å leite etter ein restaurant vi hadde sett oss ut i Lonely Planet guiden. Det var då ekstra nederlag at vi i 5 tida måtte ta pouse pousse til plassen ( som vi hadde gått forbi 4 -5 ganger ). Når det er sagt var maten god.
På heimvegen trefte me ein snål type. Ein 73 år gammal amerikanar frå California. Han hadde brukt heile livet sitt på å reise rundt å undervise i musikk og engelsk. Han var også kjempefan av ein kortvokst trubadur frå Bergen, Edvard Greig.
For rundt 1 år sidan hadde han tatt ein eller annan båt frå Tanzania ( der han underviste året før ) til Madagaskar. Her hadde han brukt 8 månadar på å lære seg 2 gassiske ord, samt å få oppholdstillatele for 11 månadar. Np underviser han i engelsk og prøver å unngå kontakt med lokal kultur. Grunnen til at han reiser frå land til land er vist at han trives best på sidelinja, utan å bli forstått og utan å forstå. Dette klarte han fint. Sjølv eg som forsto kvart ord han så, forsto ingen verdens ting.

Ellers vil det komme spaltar om mine team kameratar ein gong i veka.
Arnhild stiller denne veka med spalten; Arnhild tar livet av eit kosedyr.
Ingrid med spalten; Ingrid bestiller mat ute
Og Jens Jørund med spalten; Gassiske ordtak, og finurlige formuleringar og oversetjingar.

Øyvin tipsar sine lesare: Ein skal ikkje eta is ute blandt fattige barn. Då e da betre å gje pengane til NMS.

lørdag 8. november 2008

Bilder

Afrikansk hastighet og stabilitet har gjort det å laste opp bilete til ein utfordring.

Her er ein link til ein liten smakebit av Madagaskar:

http://picasaweb.google.com/OyvininMadagascar/SmakebitAvMadagaskar?pli=1&gsessionid=tc8HbKrbosUwIXz6D7oyHQ#slideshow

Klem

mandag 3. november 2008

Grammatisk anarki, hekling & lappeteppe.

Datoen skriv 30.10.2008, U2 har konsert i laptop’en, mangoen ligg i klor og det er på dagen 4 veke sidan eg vakna opp til min fyrste morgon i Madagaskar. Klokka er 09:16 og eg har allereie vore våken i 5 timar takka være mi nye vekkjarklokke, Anders And. Anders And er forresten ei 2-3 veker gammel and som eg uheldigvis kjøpte på veg heim frå byen i går. Han snakkar ikkje norsk, likar ikkje mango, et sin egen drit og trur dagen startar klokka 4. Bortsett frå dette er han utrulig søt, ustabil og feit.

Sidan siste blogg innlegg har eg; nesten lært meg å lage brød, spist usakelige mengdar ris, funne ut at eg ikkje er allergisk mot mango tatt igjen for 3 år med mangosølibat, bomma på basket korga i 90% av mine seriøse forsøk på å treffa, lært meg litt gassisk, sett; fattigdom, glede, nedbør, sol, ei gravferd der den døde blei frakta på taket av bussen, gamle bilar, nye bilar, store bilar og små bilar, små ungar som gret, gamle menn uten sko på beina og ubeskrivelig takknemmelighet for det ein har.

Men tilbake til overskrifta. Gassisk. Et afrikansk språk, bygd utan struktur og logiske forklaringar. Så lett men likevel så ufattelig komplisert. Eg har bygd min egen teori om at språket blei laga på same måten som nye hus vert laga blant dei som fortsatt tviheldt på naturreligionar og kultur; Først sitt menna seg saman og drikk og kosar seg. Etter eit par timar med sulling, tilaltelse frå forfedre og utallige liter med brennevin går dei i gang med bærebjelkane for så å bygge seg oppover, bortover eller kor det no enn går i den tilstanden dei no er i. At samme framgangsmåten blir brukt når det gjeldt språket veit eg ikkje, men eg vil påstå at det er både bevis og argument for dette i grammatikken og andre finurlege finessar i det gassiske språket.

Eit døme:

Mangataka – å tigge. Rot: hataka. Passiv: A + ng (for lyden sin del) + hataka + ina Angatahina ( den første h’en forsvinner, k på slutten byttes ut med h og a’en bak k’en forsvinner sidan det allereie er ein a på slutten av ordet. Ikkje det lettaste og ikkje det verste. Eg har høyrt gjetord om eit slags system, men det er til no eit ubesvart mysterium for meg.


No håpar eg mange lurar på kvifor orda hekling & lappeteppe har lurt seg inn i overskrifta mi. Her er sanninga.

På tirsdag var me på besøk på våre arbeidsplassar. Der blei me godt mottatt av smilande menneske som var svært godt nøgde med å mota norsk ”ekspertise”. Forarbeidet var gjort på ein afrikansk måte eg ikkje forsto mykje av, og det var svært interessant å sjå kulturforskjellane innan ledelse og organisering frå Noreg til Madagaskar.

Ingen av arbeidsplassane kunne visa til nokon form for eit program eller papirstykke med retningslinjer for kva me skulle gjera. Gjengangaren var at me fekk tildelt eit tidsrom og frie tøyler. Kva me skulle gjera måtte me sjølve ta ansvar for.

Unntaket var eit kvinnesenter som utdanner hushjepler og syersker. Kva eg i det heile tatt gjer der veit eg egentlig ikkje. Likevel, i god tru på at vi nordmenn kan alt fekk vi tildelt ei gruppe på 60 elevar, 3 timar og ei bok om lappeteppe på fransk. Planen er at eg skal undervisa desse jentene ( som utdannar seg innan handarbeid ), i nettopp handarbeid. Eg ser både logiske bristar og tegn til usikkerhet angåande egen kunnskap og nål og tråd, men ser fram til ein unik sjanse til å undervisa i kvinnearbeid av beste sort. Ellers skal eg stort sett driva med: sport, leik og sang, engelsk, praktisk undervisning ( hygiene, AIDS osv ) og kanskje litt matlaging og data. Gler meg.

Klokka er no 09:43, anda masar, Ingrid kom nett på døra med ein kaninunge, mangoen er spist, U2 har takka for seg, rommet er like rotete som det var då eg begynte og hønseburet snikra seg ikkje sjølv.

Heklande gardshelsing frå Solskinsøya!


PS: grunna begrensa tilgang på internett, tid og egen struktur publiseres ikkje innlegget den 30 okt (som nevnt i teksten) men den 3.nov ( som nevnt i denne bikommentaren ). Når det er sagt synes eg det er på sinn plass å være nokre dagar for sein, de der heima kan sjå på det som dagens leksjon i Afrikansk tidsoppfattelse

tirsdag 7. oktober 2008

Salama, mipetraka eto Madagascar.

Etter 6 uker med forberedelse i vakre og trygge rammer på Hald landet vi plutselig i en annen verden. I en verden der vinter er sommer, svart er hvit og vann er en mangelvare. I en verden der vi er ulike alle og alt. I en virkelighet langt utenfor min virkelighetsforståelse. I mitt nye hjem; Madagascar!

Mitt første inntrykk av Madagascar er ubeskrivelig. Jeg prøver likevel.

Allerede på kjøreturen fra flyplassen var det klart at dette ikke er Norge, eller vesten for den del. Opplyste veier har ingen hørt om, forgjengerovergangene maler de for hånd og begrepet dårlige veier har fått en helt ny betydning. Mørket og uvissheten  gjorde at alt var skummelt og skremmende.  Nattens mørke blandet seg med de ukjente luktene og forvandlet selv de koselige trærene utenfor vinduet til en skummel og ukjent mørk uendelighet. Selv inni den trygge myggnettingen ble det lite søvn. Og selv om være kontaktpersoner hadde sagt vi kunne sove ut til 10 – 11, var jeg lys våken allerede kl 6. Da våknet jeg heldigvis opp til et annet land. Jeg våknet opp til latter, lek, frittgående høner smil og sol. Til Madagascar – The island of Sunshine. Utrolig lettet, og med friskt mot startet den nye tilværelsen.

 

Den første dagen tok våre kontaktpersoner oss med på markedet, viste oss litt rundt og forklarte enkle ting angående:

  • Hva kan vi spise?
  • Hva kan vi drikke?
  • Hvor kan vi handle?
  • Hvor kan vi ta ut penger?
  • Hvordan kan vi kle oss?
  • Osv

 

De første dagene har gått med til disse elementære tingene, samt innkjøp av ny mobil, en tur til supermarkedet i byen og en busstur for å kjøpe gass.

En busstur i Madagascar kan foresteten på ingen måte sammenlignes med en busstur i Norge. Bussene er på størrelse med en stor personbil og rommer gjerne 25 stk. Beinplass og komfort er byttet ut med svettelukt og en afrikansk sjarm det er umulig å ikke bli gald i. Den 45 min lange bussturen til Tana ( Antananarivo )sentrum gøy, slitsom og livlig fra ende til annen.

 

Ellers går dagene med til matlaging, oppvask, kjøpe mat på markedet, sport og lek.

I dag ( Søndag ) var vi i kirken. Det var en ny og spennende opplevelse ( som alt annet ). Jeg begynner allerede nå å forstå at kulturforståelse kan ikke læres, det må oppleves. Og jo mer jeg forstår av den gassiske kulturen jo mer overbevist blir jeg om at dette vil bli et flott og uforglemmelig år.



 

søndag 7. september 2008

Skjeggvekst og Colgate smil?

I dag går eg rett på sak.

Høvel eller barbermaskin?

Spørsmålet kom sigande etter eit uheldig skjær med høvelen ( sannsynligvis framprovosert grunna HEFTIG pumping berre nokre minutt før ) . Blodet fossa og situasjonen var ikkje lagt i frå uhandterlig. Etter 5 – 6 sek gjekk heldigvis den intense smerta over og blødinga gav seg. Spørsmålet blei dog etter den traumatiske opplevinga prenta på tankeboksen.

Før i dag har eg aldri tenkt over dette spørsmålet, men no undrast eg om eg har levd som ein holebuar i teknologiens verd. Ein jovial tanke i grunn. Eg har klart meg med den primitive, men like vel übermoderne, høvelen ”Gillette Fusion”. Ein pioner blant dei ubrukelige?, undrast eg no. 

Argument for høvel ( argumenta er utarbeida i samarbeid med tilfeldige Hald elevar ):

1.   Den treng ikkje straum

2.   Den er lettare i bagasjen

3.   Barberinga blir tettare, ergo flottare

4.   Førstegongesinnvisteringa er billigare.

Argument for maskin:

  1. Den er brukarvennleg
  2. Du treng ikkje kjøpe nye delar heile tida
  3. Den gjer jobben sjølv
  4. Den lagar kule lydar
  5. DEN GÅR PÅ STRAUM à ELEKTRISK DIPPEDUTT à GØY!! ( litt upraktisk )

 

Min konklusjon er difor:

Til kvardags er maskin kjekkast, kulast, gøyast og mest brukarvennleg. Samt at det dreg damer med ei kjempetøff  barbermaskin.

Til spesielle høve bør ein likevel vurdera å ta i bruk den gamle, mindre kule, men trufaste høvelen. Den passar til dater der det er nulltoleranse for skjeggvekst, turar i skog og mark, samt lengre opphald i område med varierande tilgang på straum.

 

Til slutt vil eg seie at skjegg er tøffare enn barnerumpe.

 

Gode lenker til tema:

http://www.nrk.no/programmer/tv/fbi/1.908435

http://www.mil.no/haren/hmkg/start/article.jhtml?articleID=86851

 PS: Løvenes Konge er verdas beste film.

Nybarbert helsing Øyvin

lørdag 6. september 2008

November Rain

Fyrst må eg få klargjort at overskrifta er missvisande. Det er ikkje november og det regnar ikkje. ”The Lollipoppers” hadde nok vore ei betre overskrift, kvifor det hadde vore det skal eg fortelja om rundt 200 ord. Den er likevel ikkje dekkjande og frå no av ynskjer eg at du som lesar tenkjer deg at innlegget heiter ”Livet på hald”. 

I dette innlegget om livet på Hald vil eg fyrst å fremst forklare kvifor ”November Rain” som allereie har vore nevna fleire gongar ( noko som gjer at November Rain
  eigentleg er ei bra overskrift ) er overskrift. Det har seg slik;

Dei siste dagane har det vore ein del regn og drittvær på det blide sørland. I går derimot var det fint vær igjen, og ein salig samling av fjellvante nordlendingar og ”burharde” vestlendingar bestemte seg for å søva ute under open himmel. Dei ville bruka natta til å fundera over livets store spørsmål og undringar, mens dei myste på den overveldane stjernehimmelen. Det heile begynte bra særs bra med GlasCola og Urge på 1,5 liters flasker. Ein av vestlendingane hadde også drista seg til å kjøpa med seg ei kjøttpølsa som han villig delte med ein av dei andre vestlendingane*. Då natta stilt kom luskande, og tonane frå Melodikaen til ein av vestlendingane stilt forsvann ut i den mørke sumarnatta fann turfolket vegen til soveposen. Alt låg til rette for ei nydeleg sumarnatt! For å gjera ein kort historie endå kortare; regnet kom, og gav seg aldri. Klokka 06:35 innsåg me at naturen var den sterkaste og pakka saman klissblaute soveposar og fuktige kamera, 6 timar seinare vakna me til middag og god stemning på Hald Internasjonale Senter.

 

Ellers har eg blitt musikar dei siste dagane. Eg kan stolt medgje at eg er gitarist og volkalist i det semiprofisjonelle bandet ”The Lollipoppers”. Fredrik, som er den andre bandmedlemmen, er alt godt  gang med fyrste sjølvkomponerte song. Ein song som utan tvil kjem til å bli ein suksess.

 

Ellers er skulen spanande, gassisk undervisninga går seint, folka er kjekke og eg har ambisjonar om å bli sjølstendig næringsdrivande i Café bransjen.

 

Nokre bilete frå livet på Hald ligg til hørge.  

 

Jovial Helsing Øyvin

 

* Note to self: Den andre vestlendingen skylder skibenten den nette sum av 3 GC og 3 JS. For alle andre kan eg avsløra at GC er forkortelse for GlasCola, som igjen representerer 20 norske kroner. Ein JS er ein jomfruslurk, som igjen representerar 5 kr. Altså ¼ av ein GS.