tirsdag 26. august 2008

BLÅ tur

Datoen skriv 26. August, klokka er 09:56 og vi har undervisning i blogging.

Det er 13 dagar sidan eg tok mine første skritt på Hald internasjonale Senter.

Det har vert 13 fantastiske dagar, med lite søvn og mykje rangling.

I helga som var reiste vi på blåtur med Teambuilding i fokus. Det var både spanande og lærerikt. Spesielt spanande vart det under dei mange forbikjøringane vi drista oss til med bind for auga. Om vi ser bort frå eit par knuste briller, nokre skrammer og våte sokkar gjekk alt etter planen. Vi har innad i teamet evaluert oppgåvene som særs bra gjennomført, og nesten utan forbetringspotensial. Laurdag kveld sto vi for underhaldning gruppevis. Det resulterte i ein heidundrande Bibel-QUIZ med dramatisering. På knappe 15 min prøvde eg meg i sandalane til både Goliat og Jesus, samt eit 2000 år gamalt fikentre. Andre ord som kan beskriva blåturen er; mygg, flott, mat, bading, sol og glede!

 

Bilete frå blåturen ligg i albumet til hørge.

 

Mett og myggspist helsing Øyvin - ”Goliat”

1 kommentar:

Marit sa...

Hei Øyvin.
Flott å lese oppdateringar. No har eg lest høgt for bestemor, som så veldig forundra ikkje kunne skjøne korleis eg kunne lese noko frå ei side som var heilt svart!
Ellers så har resten av familien også fått høyre om kva du driv med, og alle synes det er veldig flott!