søndag 7. september 2008

Skjeggvekst og Colgate smil?

I dag går eg rett på sak.

Høvel eller barbermaskin?

Spørsmålet kom sigande etter eit uheldig skjær med høvelen ( sannsynligvis framprovosert grunna HEFTIG pumping berre nokre minutt før ) . Blodet fossa og situasjonen var ikkje lagt i frå uhandterlig. Etter 5 – 6 sek gjekk heldigvis den intense smerta over og blødinga gav seg. Spørsmålet blei dog etter den traumatiske opplevinga prenta på tankeboksen.

Før i dag har eg aldri tenkt over dette spørsmålet, men no undrast eg om eg har levd som ein holebuar i teknologiens verd. Ein jovial tanke i grunn. Eg har klart meg med den primitive, men like vel übermoderne, høvelen ”Gillette Fusion”. Ein pioner blant dei ubrukelige?, undrast eg no. 

Argument for høvel ( argumenta er utarbeida i samarbeid med tilfeldige Hald elevar ):

1.   Den treng ikkje straum

2.   Den er lettare i bagasjen

3.   Barberinga blir tettare, ergo flottare

4.   Førstegongesinnvisteringa er billigare.

Argument for maskin:

  1. Den er brukarvennleg
  2. Du treng ikkje kjøpe nye delar heile tida
  3. Den gjer jobben sjølv
  4. Den lagar kule lydar
  5. DEN GÅR PÅ STRAUM à ELEKTRISK DIPPEDUTT à GØY!! ( litt upraktisk )

 

Min konklusjon er difor:

Til kvardags er maskin kjekkast, kulast, gøyast og mest brukarvennleg. Samt at det dreg damer med ei kjempetøff  barbermaskin.

Til spesielle høve bør ein likevel vurdera å ta i bruk den gamle, mindre kule, men trufaste høvelen. Den passar til dater der det er nulltoleranse for skjeggvekst, turar i skog og mark, samt lengre opphald i område med varierande tilgang på straum.

 

Til slutt vil eg seie at skjegg er tøffare enn barnerumpe.

 

Gode lenker til tema:

http://www.nrk.no/programmer/tv/fbi/1.908435

http://www.mil.no/haren/hmkg/start/article.jhtml?articleID=86851

 PS: Løvenes Konge er verdas beste film.

Nybarbert helsing Øyvin

3 kommentarer:

Marianne sa...

Ja, LITT skjegg er bedre enn barnerumpe! Eg heier på deg, og på Løvenes Konge:D

Unknown sa...

er planen om å spare skjegg hele tiden du er i madagascar forkastet nå da, siden du filosoferer så stort om mulige barberingsmetoder?
Håper du koser deg kjempemasse øyvin!

Marit sa...

Hallo!!! Barbermaskin er heilt ut. No er det høvvel som gjeld. Dessutan bankers i bushen. Litt trening så er du blodfri. Lukke til med alt. Egon på besøk i Hordvik