lørdag 6. september 2008

November Rain

Fyrst må eg få klargjort at overskrifta er missvisande. Det er ikkje november og det regnar ikkje. ”The Lollipoppers” hadde nok vore ei betre overskrift, kvifor det hadde vore det skal eg fortelja om rundt 200 ord. Den er likevel ikkje dekkjande og frå no av ynskjer eg at du som lesar tenkjer deg at innlegget heiter ”Livet på hald”. 

I dette innlegget om livet på Hald vil eg fyrst å fremst forklare kvifor ”November Rain” som allereie har vore nevna fleire gongar ( noko som gjer at November Rain
  eigentleg er ei bra overskrift ) er overskrift. Det har seg slik;

Dei siste dagane har det vore ein del regn og drittvær på det blide sørland. I går derimot var det fint vær igjen, og ein salig samling av fjellvante nordlendingar og ”burharde” vestlendingar bestemte seg for å søva ute under open himmel. Dei ville bruka natta til å fundera over livets store spørsmål og undringar, mens dei myste på den overveldane stjernehimmelen. Det heile begynte bra særs bra med GlasCola og Urge på 1,5 liters flasker. Ein av vestlendingane hadde også drista seg til å kjøpa med seg ei kjøttpølsa som han villig delte med ein av dei andre vestlendingane*. Då natta stilt kom luskande, og tonane frå Melodikaen til ein av vestlendingane stilt forsvann ut i den mørke sumarnatta fann turfolket vegen til soveposen. Alt låg til rette for ei nydeleg sumarnatt! For å gjera ein kort historie endå kortare; regnet kom, og gav seg aldri. Klokka 06:35 innsåg me at naturen var den sterkaste og pakka saman klissblaute soveposar og fuktige kamera, 6 timar seinare vakna me til middag og god stemning på Hald Internasjonale Senter.

 

Ellers har eg blitt musikar dei siste dagane. Eg kan stolt medgje at eg er gitarist og volkalist i det semiprofisjonelle bandet ”The Lollipoppers”. Fredrik, som er den andre bandmedlemmen, er alt godt  gang med fyrste sjølvkomponerte song. Ein song som utan tvil kjem til å bli ein suksess.

 

Ellers er skulen spanande, gassisk undervisninga går seint, folka er kjekke og eg har ambisjonar om å bli sjølstendig næringsdrivande i Café bransjen.

 

Nokre bilete frå livet på Hald ligg til hørge.  

 

Jovial Helsing Øyvin

 

* Note to self: Den andre vestlendingen skylder skibenten den nette sum av 3 GC og 3 JS. For alle andre kan eg avsløra at GC er forkortelse for GlasCola, som igjen representerer 20 norske kroner. Ein JS er ein jomfruslurk, som igjen representerar 5 kr. Altså ¼ av ein GS. 

2 kommentarer:

Helge sa...

E det inkludert den middels vellukka kjøttpølsegrillinga? :)

Marit sa...

Hei Øyvin!
Veldig bra, kjekt å lese!
Eg ser bra og kan lese dette, men mamma og pappa har fortsatt problem med at det er for små, og mørke bokstavar..