lørdag 15. november 2008

Antsirabe

Antsirabe

Klokka var 14:02 og vi var 2 minutt for seint ute til kjøreavtalen vår på Isoraka ( NMS sitt hovudkvarter i Tana ). Som sagt tidlegare er tid et relativt begrep i Afrika, så vi var ikkje bekymra. 2,5 timar seinare var setebeltet festa. Vel og merke ein annan bil og annan sjåfør. Men same destinasjon – Antsirabe, den norske misjonsbyen.

Sjåføren vår, Arild, er ein trivelig norsk småbruksbonde/misjonær. Han har vore i Madagaskar fleire gongar , fyrst i 1979. Arild kunne kjøre bil. I ein kvit Ford Ranger, gjekk det fort for seg gjennom svingar, hus og innimellom lastebilar og kyr. Vegen som representerar det ypperste av infrastruktur i landet, skulle vore godt fornøgd med 60 Km/t skiltet i Noreg, det gjeldt ikkje her. Arild er heller ikkje redd for gasspedalen og kjøringa var av sorten som sett Petter Solberg og gjengen i eit dårleg lys. Apropos dårleg lys. På Madagaskar er det gøy å kjøre utan lys, gjerne iført mørke klede og matchande hudfarge. Både syklar, kjerrer, bilar osv. Ikkje så god stemning når ein anar fred og ingen fare i 110 langs dei gassiske landeveiene ( hovudveiene). Om ein ser bort frå ein del ufortsette stopp pga trafikantar uten lys, samt trafikkreglar ingen ser logikken i, vart vi også stoppa av militæret nokre gongar. Dei luskar rundt med spikarmattene sine på jakt etter heimebrent, regnskog, lemarar, ugyldige førarkort, manglande vognkort og andre ting folk måtte finne på å transportere på strekninga Tana – Antsirabe. Mannen som stoppa oss var ein barsk type med geværet godt plassert mellom armane. Arild rulla ned vindauget, veksla nokre høfflighetsfraser med militærmannen, rota litt etter vognkortet ( som sjølvsagt er som det skal ) før han sa han var NMS misjonær rulla opp vindauget, smilte og kjørte. Med eit respektfullt smil frå militærmannen i ryggen. Det var utrulig å sjå den respekten og tilliten dei Norske misjonærane har i dette landet. For ein gongs skuld var det kjekt å være nordmann i eit varmare land!
Då vi kom fram diska Arild og kona opp med mat – av typen grovbrød, kvitost og syltetøy. Herlig!

Etter god mat og fantastisk vertskap hjå Arild, låste vi oss inn i vår egen leilighet for helga. Ein koselig, 70 – 80 talls inspirert sak. Dyner, Donald på do og null kakerlakkar toppa heile driten, og vi var glade og trøtte då vi låg oss.
Klokka 07:32 sto vi opp laurdagsmorgon. 2 timar seinare enn vanleg. (Eg skylder på dynene, puten og den ellers fantastiske sovestemninga.)
Vi gjekk då ut og handla inn frukost. Med kongen og dronninga hengande på veggen og norsk bestikk på bordet vart stemninga nesten litt jovial. Til tider måtte eg ta meg i å nynne på sangar som ”mellom bakkar og berg”, ”Ja vi elsker” osv. Hadde det ikkje vore for shortsen, temperaturen og den i overkant luftige baugetten hadde eg trakka ned i ullsokkane i god tru på snøballkrig og silkeføre i sanden utanfor.
Etter frukost tusla vi rundt på tunet, stakk innom internatet ( som no er bibliotek og gjesteværelse ), og sulla litt rundt i byen. Antsirabe er ein flott by. Luftige gater, grøne område, smilande folk og utallige ”pousse poussar” ( taxi vogner, med menn som trekkdyr ).
Heile dagen gjekk eigentlig meir eller mindre med til å leite etter ein restaurant vi hadde sett oss ut i Lonely Planet guiden. Det var då ekstra nederlag at vi i 5 tida måtte ta pouse pousse til plassen ( som vi hadde gått forbi 4 -5 ganger ). Når det er sagt var maten god.
På heimvegen trefte me ein snål type. Ein 73 år gammal amerikanar frå California. Han hadde brukt heile livet sitt på å reise rundt å undervise i musikk og engelsk. Han var også kjempefan av ein kortvokst trubadur frå Bergen, Edvard Greig.
For rundt 1 år sidan hadde han tatt ein eller annan båt frå Tanzania ( der han underviste året før ) til Madagaskar. Her hadde han brukt 8 månadar på å lære seg 2 gassiske ord, samt å få oppholdstillatele for 11 månadar. Np underviser han i engelsk og prøver å unngå kontakt med lokal kultur. Grunnen til at han reiser frå land til land er vist at han trives best på sidelinja, utan å bli forstått og utan å forstå. Dette klarte han fint. Sjølv eg som forsto kvart ord han så, forsto ingen verdens ting.

Ellers vil det komme spaltar om mine team kameratar ein gong i veka.
Arnhild stiller denne veka med spalten; Arnhild tar livet av eit kosedyr.
Ingrid med spalten; Ingrid bestiller mat ute
Og Jens Jørund med spalten; Gassiske ordtak, og finurlige formuleringar og oversetjingar.

Øyvin tipsar sine lesare: Ein skal ikkje eta is ute blandt fattige barn. Då e da betre å gje pengane til NMS.

3 kommentarer:

Marit sa...

du skriv saa bra Oyvin! Moro aa lesa. Haapar d ikkje he sama instilling som han amerikanaren (hoydes ut som ein pussig skruve!) Liv vael og nyt livet kjere ven =)

Johanne sa...

eg vil gjerne ha litt updates på deg!

Trude sa...

Hei Øyvin!
jeg er moren til Ingrid og ryktene har sagt oss at det er kommet frem en pakke vi sendte henne for flere uker siden. Men hun dro nordover til M-- ved kysten rett før pakken kom. Den inneholder en julekalender med sjokolade... og jeg lurte på om du kunne la den få oppholde seg i et kjøleskap til du skal dra nordover til samme sted som hun er, den 22. desember, har ryktene fortalt oss... Veldig flott hvis du kan gjøre det OG huske å ta den + julegaver som kommer med kurer den 17. desember, med deg. Hvis du har plass, da ! Tusen takk i hvert fall og god jul til dere alle sammen!
hilsen Ingrids mamma